Sei meininga di!
Kva skal du gjera laurdag 21. juli 2012?
 

Velure Rock 2012!!! - 21. JULI 2012

Endeleg er Velure Rock tilbake! I år har me valt å flytta konserten fram til laurdag 21. juli, og også dette året satsar me på eit breidt spekter av musikk.

I år er me så heldige at me har kapra AG3 til å opna showet for oss. Deretter held Ocean of Lotion fram.

Tiebreaker frå Odda er neste band ut. Dei er eit fem-mannsband som har merka seg ut med eige materiale. Elles er dei mykje inspirert av Led Zeppelin og Deep Purple. Dei har den siste tida spelt inn ein EP, som vil vera klar til Velure Rock 2012 går av stabelen. Finn ut meir om Tiebreaker her!

Real Ones er hovudbandet dette året. Real Ones er for tida eitt av Noregs mest anerkjende band, med hits som "Every Dog Has It´s Day", og den mykje radiospelte "Om Ei Ørlita Stund". Bandet består av fem barndomsvener frå Bergen, og musikken kan minna om The Band, Flaming Lips og Wilco på sitt beste. Les meir på heimesida til Real Ones.

Me gler oss!

 

Sist oppdatert (torsdag 03. mai 2012 17:59)

 

Takk!!

Me vil takka dei om lag 500 personane som gjorde Velure Rock 2010 til ein suksess! Ein særskild takk til alle dugnadsarbeiderane og sponsorane som gjorde det mogeleg å gjennomføra Velure Rock for tredje gong! Takk til Tyyl!, Jitney, El Cuero og Ingenting for ein fantastisk konsert!!

Me gler oss allereie til Velure Rock 2011!!

Sist oppdatert (fredag 20. august 2010 17:04)

 

Dugnad

Me er også dette året avhengige av ein god dugnadsgjeng for å få "Velure Rock" til å verta ei ny minnerik hending. Konserten hadde ikkje latt seg gjennomføra om det ikkje hadde vore for akkurat pågangsmotet og viljen til å skapa noko positivt i bygda! For oss som prøver å samla trådane, er det ein stor motivasjon å vita at me har mange dyktige sambygdingar til å hjelpa oss med å få dette til.

Har DU lyst og høve til å vera med på å gjennomføra VelureRock for fjerde gong, ber me om at du tek kontakt med oss så snart som råd er. Du kan senda straumpost til: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa , eller SMS til nokon i styret.

 

Sist oppdatert (måndag 26. mars 2012 17:28)

 

VELURE ROCK 2010

Plakat 2010

LAURDAG 14. AUGUST 2010!!

Jitney varmar opp til VelureRock på Ekspedisjonen frå 16.00 - 18.00 laurdag 14. august. Etterpå går det båttransport klokka 18.00 frå Lofthus til Velure. I tillegg vert det sett opp busstransport klokka 18.00 frå rutebilstasjonen i Odda. Både båt og buss returnerer når konserten er slutt.

Billettar til VelureRock kan kjøpast på Billettservice.no, Nærbutikken på Grimo og ved inngangen. Billettprisen er kr 400,-. Aldersgrensa er 15 år.

Området vert opna klokka 18.00 og det fyrste bandet går på scena klokka 19.00. Dei 100 fyrste innbetalande vert med i trekninga om fine premiar!

Det er HER det skjer!

 

 

 

 

Sist oppdatert (laurdag 14. august 2010 12:32)

 

Ingenting kjem!!

Ingenting byrja som eit slags laust rock´n´party-kollektiv ein gong rundt 1989, kor eit varierande antal purunge Sandnes-buar laga låtar, festa, øvde og spelte utan nokon særskilt plan eller meining. Tekstar og melodiar kom etter innfallsmetoden, og handla stort sett om det som skjedde eller lot vera å skje rundt medlemene - ikkje noko øl, ikkje noko brennevin, ikkje moped...

Mange (i alle fall nokon, eller i alle fall éin) vil ha det til at Ingenting er det "Femte Store" bandet i norsk rock. I så fall er det i same betydning som Ian Stewart, den sjette Stone, eller George Martin, den femte Beatle - viktig for soundet, men alt for ukul til å få vera med på bandbilete.

I 2010 har den noverande konstellasjonen helde på i snart seks år, sidan Kjell Undheim steppa inn for vokal-pensjonist Kjartan Osmundsen, og ein annan Osmundsen, Stene, overtok trommene. Bassist Tor Jan Møller har spelt bass sidan garasjedagane på Austrått, og dei to gitaristane Bård Schanche og Ove Morten Grødeland har vore med sidan perioden rundt debut-plata i 1990-91.

Ingenting har nok utvikla seg litt gjennom dei tjue åra dei har helde på - det skal godt gjerast at dei ikkje blir litt flinkare til å spela til dømes. Det som var eit halvkontrollert, men sjarmerande kaos der det ofte kunne vera ein utfordring å sjå forskjell på band og publikum, er blitt til eit hamster-rompe-tight rock´n´roll-band med éin ting på agendaen - å løfta taket. Oppskrifta er imidlertid den same: energi, eit sparsommeleg, men rock-historisk smakfullt utval av akkordar, og gitarsolo i midten.

12. april kom Ingenting Live på CD og DVD. Plata er tatt opp litt hist og pist gjennom det siste året. Løp og kjøp!!

Lenkjer:

Sist oppdatert (måndag 21. juni 2010 09:44)